Visjon og verdiar i Rikskonsertane

Rikskonsertane – rører ved, overraskar og begeistrar!

Det vil seie at Rikskonsertane skal skape og leggje til rette for fellesopplevingar av musikk og kunst i heile landet og internasjonalt. Gjennom kvalitet, breidd, samarbeid og nye formidlingsformer skal Rikskonsertane vere eit kraftsentrum i norsk musikk- og kulturliv.

Verksemdsidé Kva er vår oppgåve?

Rikskonsertane skal formidle konsertar som er produserte internt eller eksternt i samarbeid med utøvarar og aktørar innan norsk og internasjonalt musikkliv. Rikskonsertane skal ha eit spesielt ansvar for norske musikk- og utøvartradisjonar, og fremje kunstnariske nyvinningar.

Rikskonsertane skal nå eit stort publikum i alle delar av landet med det beste frå ulike musikksjangrar og musikk-kulturar. Barn og unge er ei prioritert målgruppe.

Rikskonsertane skal vere ein leiande aktør i musikksamarbeidet med andre land, og medverke til samarbeid og heilskapleg utvikling av musikklivet – både nasjonalt og internasjonalt.

Ønskt omdømme Vi ønskjer å bli oppfatta som

- eit musikalsk kraftsentrum
- ein viktig samarbeidspartnar
- open for nyskaping
- samlande for norsk musikkliv
- effektiv og serviceorientert

Eit musikalsk kraftsentrum

Rikskonsertane vil bli oppfatta som eit synleg og positivt kraftsentrum i norsk musikkliv, til stades for publikum og alle i musikkbransjen. Vi skal vere aktuelle og nyskapande i kraft av musikalsk innhald og formidlingsformer, og kombinere kunstnarisk utvikling med målsetjingar om gjennomslag hos eit breitt publikum.

Ein viktig samarbeidspartnar

Rikskonsertane ønskjer å bli oppfatta som ein viktig samarbeidspartnar og ein profesjonell tilretteleggjar som stimulerer til utvikling av norsk musikkliv og karrierebygging for musikarar i inn- og utland. Vi skal vere ein etterspurd formidlar, produsent og medprodusent, og ha ei presis kommunikasjonsform overfor ulike målgrupper.

Open for nyskaping

Rikskonsertane ønskjer å bli oppfatta som open for nye impulsar og idear og dermed oppdatert på utviklinga innan musikk- og kunstformidling. Vi skal vere ein open organisasjon når det gjeld eksterne forslag og synspunkt, og vi skal vere i konstant dialog med utøvarar og samarbeidspartnarar.

Samlande for norsk musikkliv

Rikskonsertane ønskjer å bli oppfatta som ei drivkraft for meir samarbeid, breie alliansar og.

www.concertsnorway.no